Fyrebìlsbloggen

– medan me ventar

Fire dikt frå mai

legg att ein kommentar »

ljoskastet
mot deg

men borte

som i ein
svart flekk
på sola

M. lagar rebus
med bokstavane
eg gav henne

strekar og liner
krelande over arket:

i mitt punkt
i ditt punkt

hjarta løynt
bak andletet

han var redd,
raud

treneven i hjarta
snublande, i sirkel-
sprang:

tapp
treet
tomt

Written by fyrebilsbloggen

24. 07. 2009 klokka 11.45

Posta på Uncategorized

Mange år sidan månelandinga

with one comment

trakka eg på deg?

ja, så trakka eg deg òg
på brystet,

slik at du smuldra opp
i grått støv

som samla seg
i pulsårane

Written by fyrebilsbloggen

20. 07. 2009 klokka 9.04

Posta på Uncategorized

Eit dikt i høve fars femtiårsdag

legg att ein kommentar »

denne flamma
i ryggen heile
livet

eg hugsar
eg lét meg skuva
gjennom den tjukke
granskogen

mot slipesteinen
kvilande
mellom maur
og brune nåler

Written by fyrebilsbloggen

10. 07. 2009 klokka 2.52

Posta på Uncategorized

Eit nytt dikt

legg att ein kommentar »

treng

smaken av
spytt

Written by fyrebilsbloggen

30. 06. 2009 klokka 11.37

Posta på Uncategorized

Nynorsk i politikken

med 4 kommentarar

Soga åt målrørsla syner oss at dei sigrane me har vunne, alle er komne i stand av di visse vilkår er oppfylde. Då Noregs Mållag «pressa» Venstre-landsmøtet til å gå inn for landsmålsstil i 1906, lukkast me av di me presterte å gjera målsak til ålmennpolitikk – spørsmålet om landsmålsstil var noko inkje parti slapp ta stilling til. Og då den fyrste «nynorske» stortingsrepresentanten til slutt fekk gjennomslag for at stortingsstenografane skulle produsera opprit på nynorsk, var det etter at han i fleire år sjølv hadde sytt for å skriva opprita for det han hadde sagt om til nynorsk etter kvart møte – ein målretta innsats over lengre tid for å oppnå eit spesifikt mål.

Vegen fram mot dei rettane og privilegia nynorskfolket nyt godt av i dag, er brulagd med kampar som er vortne kjempa gjennom formelle og uformelle politiske kanalar, og gjennom målretta lobbyverksemd over lengre tid. Me har lukkast i å gjera dei tilsynelatande særs spesifikke spørsmåla me har vore opptekne av, til saker alle har måtta ha ei meining om.

I dag er stoda annleis. Viktige vedtak og rettar som bidreg til å vedlikehalda nynorsken som riksspråk, er under press frå fleire hald. Dei politiske partia på høgresida ynskjer å avskaffa sidemålsstilen. Frp vil rasera stønadsordningane som lèt oss ta vare på språket vårt. Stendig fleire viser lita forståing for dei hevdvunne rettane våre – og det er ikkje fyrst og fremst folk si eiga skuld, men vår.

Målrørsla slit av di me ikkje klarer å kommunisera kvifor det er rett og viktig at ting er slik dei er. Dette er særleg oppsiktsvekkjande i ei tid då dei fordomane og den motviljen mot nynorsken som språk som lenge har funnest i tradisjonelle bokmålsstrok, lèt til å vera i oppløysing. Mykje tyder på at me har eit glimrande høve til å vinna folk og område for nynorsken, samstundes som den manglande forståinga for heilt sentrale nynorskinstitusjonar syner at me har eit kommunikasjonsproblem når det kjem til spørsmål som sidemål, stønaden til Noregs Mållag, teatret, forlaget, avisa, osb.

Dette heng saman med ei generell avpolitisering av språkspørsmål i ålmenta. Der spørsmål om rettskriving, nynorsk eller bokmål, skulemål, m.m. tidlegare vekte stort engasjement i folket, er det i dag ei haldnings- og kunnskapsløyse som rår. Ein glitrande illustrasjon på det klåre paradokset som gjer det så vanskeleg å vinna fram med bodskapen vår, er ei utsegn ein ofte høyrer: «Eg tykkjer nynorsk er fint, men eg kan det ikkje.» Denne vert ofte ytra i same typen samtale som utsegner som «Eg tykkjer ikkje at nynorsk bør vera obligatorisk i skulen – det er tvang!» er å høyra.

Dette er eit strukturelt problem i samfunnet som ikkje kan løysast på anna vis enn å gjera folket medvitne på dei mekanismane som gjer seg gjeldande, og gjera oppreist mot dei. Kvifor er ikkje målsak ålmennpolitikk lenger? Svaret ligg i at Ap bestemde seg for at dei ikkje ville bruka tid og krefter på «smålege» ordskifte, jf. «gryte»-/«gryten»-ordskiftet, og i all hovudsak lukkast i å bortdefinera spørsmål om språk, målform og rettskriving som gangbare i eit generelt politisk ordskifte. Gjennom samnorskpolitikken var vona at me til slutt ville stå att med eitt mål, samnorsken, som alle kunne einast om.

Samnorskideologien sette målsaka spesielt, og kampen for godt språk generelt, langt attende i Noreg. Ved å freista «styra» språket, med professorar og lærde i råd og nemnder, skapte denne ideologien ei kjensle av framandgjering overfor språket. Samstundes som språket ikkje var noko det var viktig å ha noka meining om, vart det endra og modifisert; nynorsken gjennomgjekk radikale endringar, medan riksmålsrørsla makta å gjera seg såpass gjeldande at dei mest omseggripande endringane aldri fekk skikkeleg fotfeste. Då samnorskideen til slutt vart forlaten for godt – ein prosess som tok til på 1980-talet, og ikkje enda formelt før i 2002 –, stod me att med eit språkideologisk vakuum både bokmåls- og nynorsksida slit med.

Samstundes som det er klårt som dagen at me treng ein aktiv politikk på alle område som har med språk å gjera – i kampen mot eit stendig meir dominant engelsk, i oppryddinga av normalane for språka våre, i arbeidet for å verna dei samiske språka og minoritetsspråka, og i arbeidet for klårare språk i det offentlege –, er det eit problem at me har eit ordskifteunderskot i ålmenta. Det er ikkje politisk gangbart å interessera seg overlag mykje for språk og emne som knyter seg til språk. Den generelle stemninga er at slikt er saker kulturdepartementet, fagfolk, Noregs Mållag og Riksmålsforbundet får ordna opp seg imellom. Eit godt døme på dette er endringane i bokmålsnormalen, som gradvis, frå 1981 til 2006, med eit par unnatak er vorten endra attende til det som ein gong vart rekna som kurant riksmål. Desse brigda vekte inga mediemerksemd i det heile utanfor spesielt interesserte miljø.

Det same er tilfellet i dei uendelege kranglane for eller imot obligatorisk sidemål i skulen. Denne saka, som frå eit målperspektiv er temmeleg opplagd, vert stendig teken opp på nytt av populistar som ynskjer å sikra seg lettvinte røyster. Det interessante med desse er ikkje kva argument som kjem for ein dag – men at dei i det heile utspelar seg igjen og igjen, utan å resultera i politisk handling, og utan at noka side lèt til å koma nokon veg med argumentasjonen sin. Ordskiftet er eit av dei fremste døma på at ikkje-spørsmål – i 1985 uttala den dåverande leiaren av Høgre, Kåre Willoch, at det ikkje var aktuelt å gå inn for valfritt sidemål av di det ville setja partiet i eit useriøst ljos – får koma til overflata i ei ålmente som manglar omgrepsapparatet, kunnskapen og engasjementet som må til for å ordskiftast om desse sakene på skikkeleg vis. Dersom populistane som stendig fremjar ideen om å gjera sidemålet valfritt, verkeleg var interesserte i å betra resultata i norsk hovudmål, ville dei heller ha sett seg skikkeleg inn i det forskinga fortel oss – nemleg at sidemålet sannsynlegvis bidreg til å styrkja språkevna, òg i hovudmålet –, og gått inn for ei styrking, både av hovud- og sidemålsfaget. Dette skjer ikkje, og det er symptomatisk for denne typen ikkje-debatt.

Det språkpolitiske vakuumet utgjer både eit trugsmål og store potensial for oss i målrørsla. Trugsmålet består i at det er vanskeleg å få merksemd for saker som er viktige for nynorsken og dialektane – dei vert ikkje prioriterte i mediebiletet eller av politikarane. Potensialet ligg i at riksmålsrørsla, som er den einaste reelle, organiserte motstandaren vår, heller ikkje lever feitt om dagen, og at den som fyrst klarer å «venda vinden» til sin fordel, etter alt å døma kan gå sigrande ut. Den generelle mangelen på entusiasme og engasjement for språkpolitikk, vitnar ikkje om at folk ikkje er interesserte i språk; han vitnar om at me sjølve må gå inn og legitimera det språkpolitiske ordskiftet att.

Tufta slår fast at me ynskjer å mobilisera ungdom til aktivt å velja side for nynorsken. Det må me gjera, men det me òg må gjera, er å politisera målstriden meir – ikkje fyrst og fremst i agitasjon mot bokmålet, men i kamp for å reintrodusera sakskomplekset språk i ålmennpolitikken. Strategien vår må gå ut på å vinna aksept for at språket er ein like viktig del av samfunnet som spørsmål så ulike som løyvingar til små dagsaviser og utplasseringa av norske soldatar i Afghanistan. Vidare må me gå inn for å avdekkja dei mekanismane og grunnane som ligg til grunn for at sume ikkje ynskjer at ordskiftet skal takast opp att – at det store fleirtalet lever vel med bokmålsveldet, at Arbeidarpartiet ikkje ynskjer å gjera opp for gamle mistak, at kapital-, bokmåls- og oslofolk kontrollerer media, osb.

Korleis får me det til? Svaret ligg i historia vår.

Målrørsla som i 1906 klarte å pressa eitt av dei største partia til å gå inn for – og vinna – det som på den tida var ei kontroversiell sak, landsmålsstilen, var eit lauseleg samansett forbund av lokale mållag og eldsjeler. Målrørsla organiserte bønder og prestar, kyrkjesongarar, advokatar og skulelærarar, og utnytta banda til resten av den motkulturelle rørsla til å spreia seg og bodskapen sin. Gjennom å sjølve delta i politiske parti og organisasjonar, og ved å aktivt ta del i den offentlege, politiske samtalen, innetter i eigne organ og i storsamfunnet, gjorde målfolket seg gjeldande i dei politiske miljøa som var viktige for å få gjennomslag for dei institusjonsbyggjande sakene som måtte til for å etablera nynorsken som riksmål. Gjennom formelle så vel som uformelle kanalar sigra målfolket i sak etter sak. Målrørsla var lokallaga på det tidspunktet, og det viktigaste målarbeidet skjedde kanskje kringom i landet, der nynorsken – som det heiter i visa – vart innførd i «strok etter strok».

Ein kan innvenda at det var meir i samfunnet elles som låg til rettes for vellukka og utstrekt målarbeid i 1906 enn i 2009. Landet var nettopp kome or unionen med Sverige, og var lyste på å markera seg som sjølvstendig, fritt og «norsk». Likevel hadde me aldri hatt noko jamstelt riksspråk, som alle skal kunna, og som finst over heile landet, dersom det ikkje var for desse eldhuga målmennene og -kvinnene. Ihuga målfolk som trudde og såg at arbeidet deira gav resultat, bidrog til å styrkja nynorsken og sikra han ein sentral posisjon – i skulen; i medvitet åt folk flest, kva anten dei var for eller imot målsak; og som politisk sak.

Korleis kan det same skje i dag? Er det ikkje urealistisk å tru at me kan mobilisera den same stå på-viljen, det same engasjementet for å vinna tilsvarande store sigrar i dag? Nei.

Men for at det skal skje, treng me ein infrastruktur for å koordinera og motivera dette arbeidet – del av dei uformelle kanalane. Då det stod på det mest intense på byrjinga av 1900-talet, hadde målrørsla to aviser, Gula Tidend og Den 17de Mai, til rådvelde, som kom ut fleire gonger i veka og kommuniserte og fungerte som ordskiftetorg for målfolk i arbeidet deira. Målreising i 75 år skildrar korleis Den 17de Mai og Gula Tidend stod for to ulike syn på sakene som vart tekne opp på skipingsmøtet til Noregs Mållag, sleppte til debatt om sakene og dekte utviklinga på landsmøtet etterpå. Dette synest utenkjeleg i dag. Sjølv me den nye teknologien me kan utnytta, som både kostar mindre, er lettare å bruka og tillèt raskare ordskifte enn det som var mogeleg på den tida, er nettsidene til Noregs Mållag framleis berre ei statisk side der nyhende om ulike målhendingar vert lagde ut med jamne mellomrom, utan noko ordskiftetorg eller tilsvarande funksjonalitet. Heller ikkje Norsk Tidend tener noko føremål utover det reint medlemsbladstekniske. Eit såpass «nærskylt tiltak» som Dag og Tid verkar heller ikkje interessert i å ta opp aktuelle tendensar og ordskifte i målrørsla. Medlemsbladet vårt, Motmæle, har hatt eit visst ordskifte, til dømes om eitt- og tospråkslina no nyleg, men for sjeldsynt, i for liten grad, og for eit for lite publikum til at det duger som ordskiftetorg for målrørsla. Desse arenaene trengst for å planleggja kva som må gjerast kvifor og korleis, og er såleis avgjerande. Ulike bloggar og sosiale samkome kan til ein viss grad ha den same funksjonen som desse arenaene hadde før i tida, men avgrensar talet på deltakarar i samtalen drastisk.

Me må òg verta flinkare til å infiltrera dei politiske partia, driva lobbyverksemd andsynes dei, kritisera dei for manglande nynorsksatsing, og sjølve vera politikarar. Då Noregs Mållag avheldt landsmøtet sitt, vart det oppløyst dagen før Venstre-landsmøtet slik at dei som var medlem i båe organisasjonane, skulle kunna få med seg båe møta. Ei slik overlapping mellom målfolk og ulike politiske parti er viktig for å sikra at målrørsla er reelt tverrpolitisk, og at partia verkeleg varetek nynorskfolket sine interesser. Slik uformell interesseverksemd gjer i sin tur at parti kan gå via dei formelle kanalane og syta for å fremja måltiltak.

Oppskrifta på suksess ligg altså i fortida vår. Det me treng meir av, er det me allereie har: lokalt engasjement, politisk verksemd, evne til å nytta uformelle og formelle kanalar til å få gjennomslag for sine syn og internt ordskifte er element som må til, og som må styrkjast, dersom me skal lukkast i å få målsaka på den ålmennpolitiske banen att.

Written by fyrebilsbloggen

30. 06. 2009 klokka 11.25

Posta på Uncategorized

Tagged with , ,

Utdrag frå «Of Words»

with one comment

Men sjølv om ord, slik menneska gjer bruk av dei, ikkje eigentleg og direkte kan tyda noko anna enn dei tankane som er i sinnet åt den som talar, gjev menneska dei likevel referanse til to andre ting i tankane sine. For det fyrste, går dei ut ifrå at orda deira òg er teikn på dei tankane som finst i sinnet åt menneska dei kommuniserer med. For det andre – av di menneska ikkje vil synast berre å tala om sin eigen fantasi, men om tinga slik dei verkeleg er –, går dei ofte ut ifrå at orda deira òg står for røyndomen.

– John Locke, 1690

Written by fyrebilsbloggen

30. 06. 2009 klokka 11.05

Posta på Uncategorized

Tagged with